Oddvar Engjaberg er ny takstmann i OSE

Foto: Frå venstre Henning Nybø, Oddvar Engjaberg og seksjonsleiar Lars Olav Tvergrov

1. november byrja takstmann Oddvar Engjaberg i OSE. Med godt trykk på takseringstenester, er han ein kjærkomen ressurs og takstseksjonen er godt rusta for tida framover. 

Engjaberg er utdanna takstmann ved Høgskulen på Vestlandet, men har dei siste åra arbeidd med sal, utarbeiding av pristilbod og konstruksjonsløysingar i Pretre. No er han klar for nye utfordringar og ser fram til spennande arbeidsoppgåver som takstmann.

– Eg gler meg til å arbeide i takstbransjen, saman med erfarne kollegaer i ei solid og lokal bedrift som OSE.

Seksjonsleiar for takst, Lars Olav Tvergrov, har merka behovet for fleire takstmenn.

– Vi har mange førespurnader og godt trykk i OSE. På nyåret vil ny avhendingslov tre i kraft og det blir krav om tilstandsrapportar på alle bustadomsetnader. Vi er godt rusta for å levere takseringstenester framover, seier Tvergrov.

Les meir om våre tenester eller bestill takst her