Ny økonomi- og administrasjonssjef

Foto: Økonomi- og administrasjonssjef Andreas Sætre og marknadsleiar Sunniva Lund Osdal

– Eg gler meg til å bli betre kjent med alle dei dyktige medarbeidarane i OSE, samt bidra til ei vidare positiv utvikling av selskapet, både som arbeidsplass og som leverandør.

Andreas Sætre er utdanna innan innovasjonsleiing og entreprenørskap og kjem frå stillinga som leiar for marknadsområde Søre Sunnmøre i Sparebank 1 Regnskapshuset. Han har tidlegare arbeidd i Vertikal Service og Tussa Kraft og har såleis mange års erfaring med administrasjon, rekneskap, økonomistyring og HMS. 1. juni hadde han sin første dag på kontoret i Ørsta.

Sætre skal leie og utvikle økonomi- og administrasjonsfunksjonen og vil i hovudsak arbeide målretta med å utvikle selskapet sin strategi, ta del i større eksterne prosjekt med økonomistyring og profesjonalisere administrative rutinar. Han vil fungere som ein forretningsmessig rådgivar for dagleg leiar og leiargruppa.

Dagleg leiar Tor Egil Meland er svært nøgd med nytilsetjinga. Med godt trykk på rådgivingstenester og fleire store prosjekt, meiner han Sætre vil vere ein viktig ressurs i OSE framover.
– Vi set stor pris på å få ein erfaren og kvalitetsorientert person på laget, som gir alt for dei beste løysingane, seier Meland.

OSE er planleggarar, rådgivande ingeniørar og takstmenn, med røter og hovudkontor i Ørsta og avdelingskontor i Ålesund og Nordfjordeid. Vår visjon er å gi råd som realiserer visjonar. Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Innan våre satsingsområde ligg vi i front med kunnskap og rådgiving som einaste salsvare.