Historia vår

Magnar Ose som utflytta ørsting, kom seinare tilbake til bygda frå stillinga som kommuneingeniør i Rolvsøy, med ynskje om å skape sitt eige levebrød her. Han etablerte kontoret i 1962 og begynte i det små ved å yte rådgivande ingeniørtenester og taksering til både private, offentlege og bedriftskundar.

Ein må byggje på tufta og ikkje i lufta

Sonen, Trond Ose tok over drifta og etablerte aksjeselskapet `Ose Ingeniørkontor AS` i 1992. I 2010 kom Tor Egil Meland og Jonas Reitan inn som medeigarar saman med Trond Ose. Aukande oppdragsmengder og endringar i lovverket har gitt rom for spesialisering innan dei ulike fagområda for dei tilsette og verksemda, og OSE har ei god og sunn utvikling. Det er etablert avdelingskontor på Nordfjordeid og i Ålesund men hovudkontoret ligg i Ørsta. OSE er i dag stolte av å kunne presentere 18 høgt kvalifiserte tilsette med sine spesialitetar.

Visjon og verdiar

OSE sin visjon er å gi råd som realiserer visjonar. Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Innanfor satsingsområda våre ligg vi i front med kunnskap som einaste salsvare.  Vi skal strekkje oss etter måla våre, og aktivt legge til rette for at tilsette oppnår utvikling både fagleg og personleg. 

OSE er ein dyktig rådgivar innan bygg og anleggsbransjen. Selskapet og tilsette sett profesjonaliteten sin i å drive fram prosjekt frå første tanke til du er nøgd! Organisasjonen vår er fokusert på menneske og kunnskap. Frå «teiknebrettet», til sal- og marknad regionen rundt, består OSE av lidenskapelege og dedikerte tilsette som gjer OSE til ein leiande rådgivar i regionen.

Våre fire selskapsverdiar følgjer oss kvar vi er, og er nerven vår i den daglege operasjonelle drifta. OSE skal vere ein profesjonell, imøtekomande, open og påliteleg arbeidsgivar og tenesteytar. Gjennom mange år har selskapet utvikla eit godt arbeidsmiljø og gode føresetnader for dei tilsette. Bedrifta vår legg til rette for trygge og gode arbeidsplassar, og det heilskaplege resultatet er at vi står saman for eit spanande selskap å arbeide i.  

PROFESJONELL Med utgangspunktet vårt i fagleg kunnskap og praktiske ferdigheiter, så vel som personlege eigenskapar, verdiar og haldningar, vil vi sikre deg trygghet for at du når ditt mål.

IMØTEKOMANDEMedverknad og samspel i prosessar sett OSE høgt, og med haldningane våre og grunnleggande gode tilnærmingar til kundane er vår styrke å lytte, vise forståing og være løysingsorientert i alle prosjekt.

OPENI organisasjonen vår er det naturleg at opparbeidd kunnskap og erfaringar delast på tvers av seksjonan og avdelingane våre – kvar dag.  Openheit og tydelegheit internt som eksternt, set vi i front for OSE si utvikling.

PÅLITELEG Frå vi opnar til vi stengjer – kvar vyrkedag – heile året, er definisjonen vår av pålitelegheit vår evne til å yte optimalt over tid. OSE tek utgangspunkt i at verdien er ein fellesnemnar i alle relasjonar, som gir minimering av risiko for tilsette og miljøet, og vi produserer våre tenester med den beste kvalitet, og oppnår høg kapasitet i vår produksjon.

Med OSE på laget får kunden prosjektet levert som avtalt.

Kan vi hjelpe deg med ei oppgåve?  Ta kontakt!         Våre tilsette