Opning av ny miljøstasjon på Melsgjerdet i Ørsta

Foto: VØR sitt nye anlegg på Melsgjerdet i Ørsta, Kristin Kobbevik.

– På vegne av OSE vil eg få takke Volda og Ørsta Reinhaldsverk for oppdraget. Det å vinne eit offentleg rådgivaranbod, betyr oftast at vi var for rimelege. Men her har vi i alle fall hatt eit veldig spennande oppdrag!

Det sa byggherrerådgivar Jonas Reitan i si helsing på opningsdagen torsdag 15. september. Han framheva at funksjonsskildringa for dette flotte anlegget, er det VØR som har arbeidd fram, og med deira erfaring og driftskompetanse, var det eit sjeldan godt prosjektgrunnlag.

OSE har saman med underrådgivarar omforma VØR sine funksjonsskildringar til eit tilbodsgrunnlag for offentleg innkjøp og stått for utlysing og oppfølging av totalentreprisen. Vi har også skissert hovudutforminga av anlegget og bygga på Melsgjerdet.

Ut frå funksjonane som VØR trengde, prosjekterte OSE ei løysing med byggutforming og plassering av bygga på tomta, slik dei står ferdige no. Det blei lagt vekt på at dei store industribygga, med dei høgder som var nødvendige for funksjonen, skulle felle godt inn i området. Løysinga som OSE i dialog med VØR kom fram til, var oppdeling i fleire visuelle volum, der kvar funksjonsdel er robuste og har sitt nødvendige areal og høgd.

VØR Melsgjerdet, teikning i tidlegfase.

Basert på kravspesifikasjonen og løysingsforslag tok så totalentreprenøren og deira rådgivarar detaljprosjekteringa. Dei har svart godt på oppgåva, og alle utførande har stått på for eit godt anlegg. OSE ønskjer å takke for samarbeidet med VØR og Aurstad som totalentreprenør.

Sjå fleire bilete frå opninga på Ørsta kommune sine sider