Oppstart av planarbeid – detaljplan Marken Marina, gbnr. 26/245 m. fl. – Herøy kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for fritidsbygg/småbåthamn på Leinestranda. Planid: 202106. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Marken Marina står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gbnr. 26/245 m. fl, og er på omlag 19 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Herøy kommune 10.11.2021. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Fritidsbygg, med småbåthamn
• Felles friområde

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 21.01.2022. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.