Oppstart av planarbeid – detaljregulering for Haukå II, del av gbnr. 15/1 m. fl. – Kinn kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for akvakulturanlegg på land på Haukå. Planid: 20210105. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. MOWI ASA står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 15, bnr. 01 m. fl, og er på omlag 55 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Kinn kommune 23.06.2021. Formålet med planarbeidet er å regulere for:
• Å auke produksjon av smolt
• Å leggje til rette for at fisk med større snittvekter kan setjast ut i sjø
• Føre opp nye produksjonsbygg med nødvendige funksjonar
• Kai for å betre transport på kjøl
• Moglege omlegging av delar av vegen til Fanevik

Det er konkludert med at reguleringsplanen utløyser krav om konsekvensutgreiing, men ikkje melding eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Kinn kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 31.08.2021. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.