Oppstart av planarbeid – detaljregulering for Masseuttak Berge, gbnr. 108/1, 5 m. fl. – Ørsta kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for masseuttak på Berge i Ørsta kommune. Planid: 2021002. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Sætremaskin AS står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 108, bnr. 1, 5 m. fl, og er på omlag 381 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Ørsta kommune 12.05.2021. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Vidareføring av einebustad
• Masseuttak
• Deponering av reine massar
• Ny felles avkøyrsel for bustad og masseuttak
• Sanering av eksisterande avkøyrsel til bustad
• Interne vegar, areal lager og verkstad, nødvendige funksjonar til masseuttaket
• Kai for utskiping av massar med intern vegar

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Ørsta kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 31.08.2021. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.