Oppstart av planarbeid – detaljregulering Sighaug gbnr. 5/12 m. fl. akvakultur – Vanylven kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for akvakultur på land på Sighaug. Planid: 202104. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. MOWI ASA står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gbnr. 5/12 m. fl, og er på omlag 46 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Vanylven kommune 28.10.2021. Formålet med planarbeidet er å regulere for:

  • Utvide areal til eksisterande akvakulturanlegg med RAS-teknologi (resirkulering av vatn)
  • Leggje til rette for betre kai
  • Vidareføre tilkomst til området frå fylkesvegen

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Vanylven kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 03.12.2021. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.