Oppstart av planarbeid – DP MOWI Rovde, gbnr. 111/14 m. fl. – Vanylven kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for akvakulturanlegg på land på Rovde.

Planid: 202202. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnitta. MOWI ASA står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gbnr. 111/14 m. fl, og er på omlag 140 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Vanylven kommune 18.08.2022. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Næringsareal
• Landbruk
• Bruk og vern av sjø

Det er konkludert med at reguleringsplanen utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram. Planprogram vil vere tilgjengeleg på nettsidene vist til under.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Vanylven kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 04.11.2022. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.