Oppstart av planarbeid – Håvika II – Herøy kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for Håvika II ved Tjørvågane, planid 202203. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Tinde Hytter Stryn AS og Lars G Larsen står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gbnr. 53/5 m. fl, og er på omlag 18 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Herøy kommune 12.01.2022. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Nye hyttetomter
• Justering av regulerte hyttetomter, rorbu og veg
• Ny veg
• Mogleg omregulering av hyttetomt til veg

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Herøy kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 13.05.2022. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.