Oppstart av planarbeid – privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352/7 m. fl. næring – Kinn kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for næringsverksemd i Almenningen. Planid: 20210113. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Nordvestvinduet Eiendom AS står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det er varsla utviding av planområdet med ny annonse og ny utsending til naboar og offentleg mynde, høyringfrista vert utvida til 15.12.2021.

Det aktuelle området ligg på gbnr. 352/7 m. fl, og er på omlag 49 daa, utvida med omlag 9 mot aust til Almenningsklubben for å sikre areal til ny avkøyrsel.

Det vart halde oppstartsmøte med Kinn kommune 29.10.2021. Formålet med planarbeidet er å regulere:

  • For å leggje til rette for utvidingsareal for bedrifta

Det er konkludert med at reguleringsplanen utløyser krav om konsekvensutgreiing, men ikkje planprogram eller melding.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Kinn kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan15.12.2021, merk med P1787. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.