Oppstart av planarbeid – Skottneset feriesenter – Stad kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for Skottneset feriesenter på Skottneset. Planid: 2022011. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Skottneset feriesenter står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gbnr. 280/5 m. fl, og er på omlag 46,5 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Stad kommune 24.06.2022. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Fleire utleigehytter
• Betre hamn, oppgradere sjøfront mot aust
• Bubilparkering
• Leggje til rette for badestrand
• Trygg avkøyrsel til fylkesvegen
Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Stad kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 25.08.2022, merk med P1839. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev