Ørsta servicekontor

I desse dagar er ombygginga av servicekontoret ved Ørsta rådhus godt i gang.

OSE har levert den arkitektoniske beskrivinga og har vore ansvarleg søkjar, rådgivande ingeniør bygg (RIB) og rådgivande ingeniør brann (RIBr). Prosessen med nytt servicekontor vart igangsett allereie i 2013,då det vart klart at hovudinngangen til servicebygget ville kome litt i bakkant som fylgje av etablering av ny brannstasjon i tilknyting til rådhuset.

Servicekontoret skal etter planen vere klart til bruk i august/september 2018. Innan den tid skal ny hovudinngang med takoverbygg etablerast. Det nye overbygget over hovudinngangen skal gjere servicekontoret meir brukarvenleg ved at inngangen gjerast visuelt tydelegare. Inngangspartiet skal oppførast i berekonstruksjon av betong og stål, vindusfasade med aluminiumskarmar, og taket skal ha same RAL-farge som utvendige veggar.

På same tid skal det skje ei ombygging i underetasjen, der det leggjast til rette for mellom anna kontorplassar og kundemottak. Med ombygginga vil kravet om adgangskontroll verte tilfredsstilt, og arbeidsforholda for dei tilsette vil verte betre (mindre støy, betre ventilasjon og meir plass).