OSE tilsetter ny ansvarleg søkar

– Interessante arbeidsoppgåver og mindre reisetid var viktige moment som spelte ei rolle då eg såg at OSE skulle tilsette. I tillegg er dette ei lokal bedrift i fin vekst og med fleire spennande prosjekt framover, seier Eivind Flåskjer.

Møt vår nye ansvarlege søkar Eivind Flåskjer. Han synes stillinga såg spennande ut, og var klar for å jobbe med byggesaker frå den andre sida av bordet.

Eivind kom til OSE etter 10 år og tallause turar frå Ørsta til rådhuset i Fosnavågen. Han har opparbeidd seg ei solid erfaring i Herøy kommune og kjenner saksarbeid frå det kommunale/ offentlege godt. No startar han i stillinga som prosjektleiar Byggesak og ansvarleg søkar.

Komplekst, men OSE kan byggesak

Søknadspliktig tiltak etter Plan – og bygningslova krev ansvarsrett og godkjent føretak som kan ta på seg funksjonen som ansvarleg søkar. OSE har lang erfaring innan byggesak og opplever ein tydeleg vekst av byggesaker, både frå private og profesjonelle utbyggarar.

Byggesak er i dag meir kompleks ein nokon gong, og behovet for fagleg kompetanse og erfaring på dette arbeidet aukar. Tidlegare kunne ein i større grad få den hjelpa ein trengde hos byggesaksavdelinga i eigen kommune. Dette har endra seg mykje og no er ansvarleg søkar rådgivar fram til innsending av byggesak og din representant ovanfor kommunen gjennom heile byggesaksprosessen. I tillegg til å vere godkjenningsinstans har kommunen blitt meir og meir digitaliserte og det har blitt større krav til god dokumentasjon og kvalitet på det som skal følge ei byggesak.

Ørstingen Eivind er siste tilskot til OSE sin veksande stab. Han vil saman med fagansvarleg på byggesak, Liv Karin Egset, handtere di byggesak med utforming, innsending og oppfølging av byggesøknad heilt fram til godkjenning og ferdigattesten ligg føre.