OSE er klare for årets boligmesse

Foto: Seksjonsleiar byggesak, Liv Karin Egset, saman med marknadsleiar Sunniva Lund Osdal

Helga 28.-30. oktober er det duka for årets Boligmesse i Ålesund. OSE stiller på stand med gode råd om alt rundt byggesak og takseringstenester og håpar sjølvsagt på godt besøk.  

– Det blir spennande å vere med på Boligmesse. Vi er sikker på at dette er ein god arena for å vise seg fram og gjere seg endå meir kjend for marknaden, særskilt i Ålesund. Vi har i dag avdelingskontor ved Daaeskogen Næringsbygg og har eit klart mål å vekse i både antal medarbeidarar og oppdrag her, seier marknadsleiar Sunniva Lund Osdal.

OSE er eit tverrfagleg miljø med planleggarar, rådgivande ingeniørar og takstmenn, som leverer eit breitt spekter av tenester for både private, offentlege og store næringsaktørar.

Skal du pusse opp, bygge nytt, bygge på eller kjøpe/selge? Ta turen innom standen vår for ein triveleg prat!

Last ned din gratisbillett her

Her kan du lese messeavisa