OSE er med vidare som gullsponsor for Ørsta Handball

Ørsta Handball har full aktivitet i klubben med 25 lag og 260 aktive spelarar. OSE støttar gladeleg opp om barn og unges idrettsglede og har no lenga gullsponsoravtalen med klubben.

– Vårt mål er at økonomi ikkje skal vere ein barriere for at barn skal vere med på handball. For å halde treningsavgift og andre kostnader nede, er vi heilt avhengige av at det lokale næringslivet støttar oss som sponsorar. OSE har i fleire år vore ein av våre viktigaste bidragsytarar og vi er veldig glade for å ha dei med vidare, seier dagleg leiar Sven Castberg i Ørsta Handball.

Marknadsleiar Sunniva Lund Osdal i OSE er samd med Castberg og ser fram til vidare samarbeid med klubben.

– Yrande liv, glede og meistring blant barn og unge er viktig og gir mykje til lokalsamfunnet. Vi har hatt eit strålande samarbeid så langt og vil gjerne vere med på laget vidare. Vi er glade for å vere gullsponsor for Ørsta Handball.