OSE gir attende til lokalsamfunnet

OSE AS har inngått ein tre-årig samarbeidsavtale med VTI Fotball!

Partnar i OSE, Jonas Reitan seier fylgande:

«Volda turn- og idrottslag fotball gjer eit framifrå arbeid for ungdomsaktivitet og idrettsglede i kjerneområdet vårt. Me er lokale eigarar og tilsette herifrå: Kundane våre ser at ved å nytte oss kan verdiskaping, løn og skatteinntekter kome attende lokalt, for vidare utvikling ikring oss!

Me vil takke VTI for den enorme frivillige innsatsen for borna våre, og OSE er glade for å kunne støtte opp om arbeid for trivsel og framtid i bygdene våre!»