OSE gir tilbake til lokalsamfunnet

OSE AS har inngått ein treårig samarbeidsavtale med VTI Fotball.

Volda turn- og idrottslag fotball gjer eit framifrå arbeid for ungdomsaktivitet og idrettsglede i kjerneområdet vårt. OSE er lokale eigarar og tilsette frå Ørsta og Volda; kundane våre ser at ved å nytte oss kan verdiskaping, løn og skatteinntekter kome tilbake lokalt, for vidare utvikling ikring oss. Vi takkar VTI for den enorme frivillige innsatsen for barna våre, og OSE er glade for å kunne støtte opp om arbeid for trivsel og framtid i bygdene våre, seier partnar Jonas Reitan i OSE.