OSE har signert avtale med Fremtind Forsikring AS

Foto: seksjonsleiar og takstmann Lars Olav Tvergrov og takstmann Henning Nybø

– Avtalen med Fremtind viser at vi utviklar oss på rett måte i ein krevjande marknad og at vi blir sett som ein sterk og føretrekt leverandør av takseringstenester, seier dagleg leiar Tor Egil Meland i OSE.

OSE signerte nyleg ein treårig avtale med Fremtind om takseringstenester i ei rekke kommunar i Møre og Romsdal, Vestland/Nordfjord og Innlandet fylke (Lesja og Lom).

Seksjonsleiar og takstmann Lars Olav Tvergrov er svært nøgd med alt arbeidet OSE har lagt ned i å få denne avtalen på plass:

– Det siste halvåret har vi jobba mykje både taktisk og strategisk. Avtalen med Fremtind vil sikre oss ein jamn tilgang på nye takstoppdrag dei komande åra og bidreg stort i vår utvikling av takseringsfaget. Vi er sikre på at avtalen vil gi oss innpass utanfor vårt primærområde på Sunnmøre og at det kan bli aktuelt å tilby fleire av våre rådgivingstenester.

Fremtind Forsikring AS er eit norsk skadeforsikringsselskap eigd av SpareBank 1 Gruppen og DNB. Selskapet er i dag den største leverandøren til forsikring som selgast i bank, både til privatpersonar og bedrifter.

Kartet viser tildelte kommunar i takseringsavtalen mellom OSE AS og Fremtind Forsikring AS.

Kartet viser tildelte kommunar (merka i grønt) i takseringsavtalen mellom OSE AS og Fremtind Forsikring AS.

Les meir om våre tenester