OSE i gong med forvaltningsplanar for utvalde kulturlandskap i jordbruket

OSE vann anbodskonkurransen om å utarbeide forvaltningsplanar for dei utvalde kulturlandskapa (UKL) Hjørundfjorden/Norangsdalen og Alnes. Oppdraget kjem frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal med eit ynskje om å finne ein aktør som kan styrke lokal medverknad og forankring i planarbeidet. Oppdraget inneber innsamling av lokalkunnskap, leiing av arbeidsgruppe og utarbeiding av forvaltningsplanar for begge UKL-områda.

Alnes fekk status som utvalt kulturlandskap i jordbruket i 2017, som «eit typisk fiskarbondelandskap på nordvestlandet», medan Norangsdalen og Hjørundfjorden var eit av ni nye utvalde kulturlandskap i 2018.
Du kan lese meir om utvalte kulturlandskap i jordbruket her.