Frå januar 2019 har Ose Ingeniørkontor AS endra føretaksnamn til OSE AS.
For bedrifta er namneendringa ein milepel. I namneendringa ligg det ein langsiktig plan i det at føretaket ynskjer å kjennast igjen som eit tverrfagleg miljø i marknaden, og ikkje som eit reint ingeniørkontor innan bygg og anlegg.
OSE AS skal framover bli betre kjend i marknaden for vår tverrfaglegheit og kompetanse innan våre fagdisiplinar!
Vår seksjonsinndeling er disiplinane:
• Plan, infrastruktur og landskap
• Byggeteknikk og prosjektstyring
• Takst
OSE AS er profesjonelle rådgivarar som yte ekspertise frå din prosjektidè og heile vegen fram til prosjektet er realisert eller taksert!
Vår seksjonar i organisasjonen gir råda du treng frå start til slutt alt ettersom kva status ditt prosjekt har. Treng du å gå delar eller heile `prosjektvegen`, losar vi prosjektet gjennom våre seksjonar i samarbeid med din fagspissa prosjektleiar.
OSE AS har sitt hovudkontor i Ørsta, men vi er og å finne ved vår avdeling i Ålesund og på Nordfjordeid.
Send oss ein førespurnad eller kom gjerne innom på besøk – og vi hjelpe deg!