OSE med ny nettstad og slagord som forpliktar!

OSE har jobba med å forbetre den digitale utsjånaden og innhaldet vårt, og vi er i dag glade for å endeleg presentere den nye nettstaden vår og vise dykk bredda på tenestane våre. OSE si lange og gode historie strekkjer seg snart mot 60 år i rådgivarbransjen, og frå hovudkontoret vårt i Ørsta har vi etter jamn vekst opna avdelingar i Ålesund og Nordfjord, noko vi er svært stolte av.

Med den nye nettstaden vår er vi enda `nærmare` deg med våre høgt kompetente rådgivarar som alle har til felles å gi deg:

Råd som realiserer visjonar!

Dette er vår visjon.
Ordet visjon er overordna, samtidig som det har ein tanke og idèaspekt ved seg som vi vil realisere til verkelegheit gjennom våre prosjektkyndige råd. Visjonen skal og tenkjast som eit samspel og dialog mellom rådgivaren og prosjektvisjonen til våre kundar.

På nettstaden vil du finne aktuelt om prosjekt vi jobbar med og relevant fagstoff som vi ynskjer å dele med deg som brukar heimesida vår. Her finn du til dømes verktøykassa, som er ei samling av linkar til tenester vi nyttar oss av i den daglege rådgivinga. Nyttar du vår verktøykasse gjer vi det enklare for deg å starte realiseringa av ditt nye prosjekt!

OSE ynskjer tett dialog med kundane og samarbeidspartnarane våre. Det skal vere enkelt for deg å kontakte oss når det passar deg best.  Difor styrkar vi også profilen vår på digitale flater som facebook, instagram og linkedIn. Følg oss gjerne for å sjå korleis vi jobbar i OSE.

I det strategiske arbeidet og realiseringa av ny nettstad har vi hatt med oss dyktig ekspertise. Takk til MRB v/ Sindre Rotevatn og Bjørn Gjerde. Saga Media Service v/Per Lund, RACER v/Trine Humlen og Olav Sindre Kriken, Elle Melle v/Lena Vatne Bjørlo og Ingvild Mork, grafisk designer.

Størst takk til alle kollegaer for god tolmod, konstruktive tilbakemeldingar og innspel i prosessen.

Tor Egil Meland
Dagleg leiar