OSE på plass i nye, topp moderne lokale i Vikeøyrane 7!

OSE sitt hovudkontor i Ørsta har etter mange år i Vikegata flytta på seg. Ein vekst frå 4 til 21 tilsette siste 15 år, har gitt behov for større og meir tilpassa kontorlokale.

Vi er faktisk litt stolte over å ha klart å bygge ei kompetansebedrift av ein slik storleik, og som har hovudkontoret i sjølvaste Ørsta! OSE har ei mindre avdeling i Ålesund og på Nordfjordeid, og vi ser føre oss å gjere mykje moro der og!

Etter hektiske månadar med planlegging og ombygging av heile 2 etg. i Vikeøyrane 7, har OSE endeleg flytta inn i eit større og meir tilrettelagt lokale. Dette seier OSE sin daglege leiar om den nye arbeidskvardagen i lokalet:

«Vi hadde det bra i Vikegata – men tida var moden for ei endring av lokasjon. Alt til si tid. Vi har lagt mykje arbeid og planlegging i det nye lokalet og hatt ein god prosess med huseigar. For oss har det vore viktig med tidsriktige løysingar på inventar og AV- anlegg. Eit eige workshop-rom og eit topp moderne møtelokale gir våre kundar den beste opplevinga og oppfølging av prosjekta sine. Dessutan – heilskapen skapar trivsel for våre tilsette som er utruleg viktig for å oppnå sine mål.

Vikeøyrane 7 gir oss eit moderne lokale med rom for vekst, i tillegg er plasseringa og parkeringsmoglegheitene svært gode for kundar og oss sjølve. Vi gler oss over å ta det ordentleg i bruk og gjere lokalet til vårt!

Det er mange lokale bedrifter og personar som har bidratt i arbeidet. Vi takkar alle for godt levert arbeid!

Velkomen til OSE!

Eigarane har stor tru på fortsatt vekst for OSE AS. F.v.: Marius S. Lianes, Jonas Reitan, Lars Olav Tvergrov, Tor Egil Meland, Henning Nybø. Bjarte F. Friisvold var ikkje til stades. Alle bilete Svein Nordal / Mørenytt
Fyrste dagen i nye arbeidslokale. Alle bilete Svein Nordal / Mørenytt
Dagleg leiar Tor Egil Meland og Trond Ose, tidlegare mangeårig sjef i OSE AS tek eit velfortjent kakestykke under opninga av det nye lokale. Alle bilete Svein Nordal / Mørenytt