OSE søkjer sivilarkitekt

Med bakgrunn i aukande oppdragsmengd og god utvikling i selskapet ser vi etter ein erfaren sivilarkitekt som ynskjer ei viktig rolle i utviklinga av arkitekturtenestene i OSE. Du har stor fagleg kompetanse og minst 5 års relevant erfaring i tillegg til å vere motivert og engasjerande for både medarbeidarar og kundar. Arbeidsoppgåver vil vere oppdragsleiing, tidlegfase/konkurransar, moglegheitsstudiar, skisse og forprosjekt m.m.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Sivilarkitekt / master i arkitektur
  • Min. 5 års erfaring med prosjektering og gjennomføring, fortrinnsvis som ansvarleg arkitekt
  • God kjennskap til TEK17, SAK og plan- og bygningslova
  • God kjennskap til programvare som Revit, ArchiCad, Adobepakken
  • Gode visuelle formidlingsferdigheiter
  • Kunne arbeide godt både sjølvstendig og i gruppe med andre
  • Beherske norsk og munnleg og skriftleg
  • Praktisk og analytisk innsikt

Vi kan tilby:

  • Eit solid konstruksjonsteknisk fagmiljø
  • Spennande faglege utfordringar i tverrfaglege prosjekt saman med dyktige medarbeidarar
  • Gode utviklingsmoglegheiter innanfor planlegging og prosjektering av bygg- og anleggsprosjekt
  • Konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsavtalar
  • Stor fleksibilitet, handlingsrom og ansvar
  • Nye og moderne kontorfasilitetar

Kontorstad er vår avdeling i Ørsta, evt. Ålesund. For ytterlegare informasjon om stillinga ta kontakt med Tor Egil Meland (tlf. 48 28 69 62) Søknad med CV og referanseprosjekt sendast til toregil@oseing.no.

Søknadsfrist: 25.08.2020