OSE søker takstmann

Med bakgrunn i aukande oppdragsmengd og god utvikling i selskapet ser vi etter ein ekstra takstmann til vårt kontor i Ålesund. OSE dekker alle områda innanfor bustad, næring og landbruk, og utfører alle typar vurderingar på skade, verdi og reklamasjonar. Våre takstmenn er sertifisert av Norsk takst. Dei fleste oppdraga vil vere i Møre og Romsdal, men oppdrag i nærliggande fylke må påreknast. Våre oppdragsgivarar er både privatpersonar, næringskundar og forsikringsselskap.

Ønska kvalifikasjonar:
Du har opparbeida deg ein solid byggteknisk kompetanse gjennom fleire års erfaring som takstmann, ingeniør/siv. ing, prosjektleiar/byggeleiar, tømrar/bas, gjerne nyutdanna takstmann. Du har god erfaring frå bygg og anleggsprosjekt og har opparbeida deg god kjennskap til relevante forskrifter og standarar. Ettersom ei av dine hovudoppgåver er å skrive rapportar må du ha gode skriveferdigheiter. Førarkort kl. B og eigen bil.

OSE kan tilby:
• Spennande og sjølvstendig stilling i et solid
selskap i vekst
• Eit solid takstmiljø med stor breidde og mange års erfaring
• Fokus på kvalitet, fagleg kompetanse og
utvikling av gode tenester
• Gode moglegheiter for å bidra til utvikling av fagfeltet
• Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
• Stor fleksibilitet, handlingsrom og ansvar
• Konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsavtalar

Kontorstad er vår avdeling i Ålesund (Daaeskogen Næringsbygg). For ytterlegare informasjon om stillinga ta kontakt med Trond Ose (90 64 93 75) eller Tor Egil Meland (tlf. 48 28 69 62)
Søknad med CV sendast til toregil@oseing.no eller pr. post til: OSE AS, avd. Ørsta, Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta.

Søknadsfrist: 15.01.2020