OSE søkjer arealplanleggar

Med bakgrunn i aukande oppdragsmengd og god utvikling i selskapet ser vi etter dyktige medarbeidarar.

OSE har mykje erfaring innanfor arealplanlegging lokalt og regionalt. Som planleggar har du ei sentral rolle i prosjekta og er oppdragsgivar sin rådgivar og representant ovanfor kommune og anna mynde. OSE har bygd opp eit nettverk av kundar og samarbeidspartnarar, med stor variasjon av planoppdrag, frå mindre reguleringsplanar til kommuneplanen sin arealdel.

Vi kan tilby:

  • Eit solid konstruksjonsteknisk fagmiljø
  • Store faglege utfordringar i tverrfaglege prosjekt saman med dyktige medarbeidarar
  • Gode utviklingsmoglegheiter innanfor faget
  • Konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsavtalar
  • Stor fleksibilitet, handlingsrom og ansvar
  • Nye og moderne kontorfasilitetar

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Arealplanlegging
  • Dispensasjonar
  • Detaljregulering
  • Områderegulering
  • Kommune(del)plan
  • Arealanalyser
  • Konsekvensutgreiing
  • Tidlegfase og prosjektleiing

Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning på masternivå innanfor arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitekt eller samfunnsvitar
  • God innsikt i plan- og bygningslova med forskrifter og minimum 3 års erfaring frå utarbeiding av arealplanar
  • Erfaring frå arealplanlegging i kommune, kjennskap til samspel mellom politikk, administrajon og plankonsulent
  • Villig til å utføre og tileigne seg kunnskap innanfor andre relevante fagområde
  • Analytisk, systematisk, målbevisst, løysningsorientert og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, god formidlingsevne på norsk – munnleg og skriftleg
  • Serviceinnstilt, evne til å arbeide sjølvstendig
  • GIS-kompetanse og kunnskap om utarbeiding av 3D-illustrasjonar
  • Førarkort kl. B

Kontorstad Ålesund, evt. Ørsta.

Kan det vere deg vi leitar etter? For meir informasjon om stillinga kontakt Bjarte Friisvold på tlf. 974 89 987. Send søknad med CV til bjarte@oseing.no

Søknadsfrist: 30.09.2020