OSE søkjer ingeniør byggsøk

Med bakgrunn i aukande oppdragsmengd og god utvikling i selskapet ser vi etter dyktige medarbeidarar.

OSE AS er tverrfaglege rådgivarar med hovudkontor i Ørsta og avdelingskontor i Ålesund og Nordfjordeid. Selskapet vart etablert i 1964 og har i dag 20 tilsette, fordelt på tre fagseksjonar;

  • Plan og arkitektur
  • Byggteknikk og prosjektstyring
  • Takst

OSE sin visjon er å gi råd som realiserer visjonar. Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Tilsette i OSE er ei god blanding av både nyutdanna og erfarne medarbeidarar. Lidenskapelege og dedikerte tilsette gjer OSE til ein av dei leiande tverrfaglege rådgivarane i regionen. Kan du tenkje deg å være med oss på vegen vidare?

Vi kan tilby:

  • Eit solid konstruksjonsteknisk fagmiljø
  • Store faglege utfordringar i tverrfaglege prosjekter saman med dyktige medarbeidarar
  • Gode utviklingsmoglegheiter innanfor faget
  • Konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsavtalar
  • Stor fleksibilitet, handlingsrom og ansvar
  • Nye og moderne kontorfasilitetar

Dine arbeidsoppgåve vil vere:

  • Byggesak, uavhengig kontroll/brann – med oppfølging mot offentleg mynde/private
  • Oppdragsleiing
  • Marknadsarbeid og tett kundekontakt
  • Utarbeiding av anbod
  • Evaluering av tilbod og kontraheringsarbeid
  • Deltaking i faggrupper internt og eksternt

Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet/høgskule eller tilsvarande. Byggingeniør eller anna relevant ingeniørbakgrunn, samfunnsvitar, arkitekt eller jurist
  •  Må som minimum ha grunnleggande innsikt i plan- og bygningslovgivinga, og erfaring frå byggesaksbehandling er ein fordel
  • Praktisk og analytisk innsikt
  • Må vere villig til å utføre og tilegne seg kunnskap innanfor andre relevante fagområder
  • Ønskeleg med kunnskap om bruk av digitale teiknings-, modellerings- og berekningsverktøy 
  • God kjennskap til gjeldande byggstandardar
  • God formidlingsevne på norsk – munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og engasjert
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Initiativrik og ansvarleg

Kontorstad Ålesund eller Ørsta.

Kan det vere deg vi leitar etter? For meir informasjon kontakt dagleg leiar Tor Egil Meland på 48 28 69 62, eller send mail til toregil@oseing.no. Førespurnadar med søknad og CV prioriterast.

Søknadsfrist 20.08.2020