OSE søkjer rådgivande ingeniør bygg

Med bakgrunn i aukande oppdragsmengd og god utvikling i selskapet ser vi etter dyktige medarbeidarar.

OSE AS er tverrfaglege rådgivarar med hovudkontor i Ørsta og avdelingskontor i Ålesund og Nordfjordeid. Selskapet vart etablert i 1964 og har i dag 21 tilsette, fordelt på tre fagseksjonar;

  • Plan, infrastruktur og landskap
  • Byggteknikk og prosjektstyring
  • Takst

OSE sin visjon er å gi råd som realiserer visjonar. Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Tilsette i OSE er ei god blanding av både nyutdanna og erfarne medarbeidarar. Lidenskapelege og dedikerte tilsette gjer OSE til ein av dei leiande tverrfaglege rådgivarane i regionen. Kan du tenkje deg å være med oss på vegen vidare?

Vi kan tilby:

  • Eit solid konstruksjonsteknisk fagmiljø
  • Store faglege utfordringar i tverrfaglege prosjekter saman med dyktige medarbeidarar
  • Gode utviklingsmoglegheiter innanfor planlegging og prosjektering av bygg- og anleggsprosjekt
  • Konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsavtalar
  • Stor fleksibilitet, handlingsrom og ansvar
  • Nye og moderne kontorfasilitetar

Dine arbeidsoppgåve vil vere:

  • Byggteknisk prosjektering – rådgiving, berekningar, planlegging og prosjektering
  •  Oppdragsleiing
  • Markedsarbeid og tett kundekontakt
  • Utarbeiding av anbodsdokument
  • Evaluering av tilbod og kontraheringsarbeid
  • Deltaking i faggrupper internt og eksternt

Ønska kvalifikasjonar:

  • Sivilingeniør eller ingeniør innan bygg
  • Minimum 5 års erfaring innan konstruksjonsfaget
  • Praktisk og analytisk innsikt
  • God kunnskap om bruk av digitale teiknings-, modellerings- og berekningsverktøy (Revit, FEM-Design 3D- Structure, G-Prog, etc.)
  • God kjennskap til gjeldande byggstandardar
  • God formidlingsevne på norsk – munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og engasjert
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Initiativrik og ansvarleg

Kontorstad Ålesund eller Ørsta.

Kan det vere at det er deg vi leitar etter? For meir informasjon kontakt dagleg leiar Tor Egil Meland på 48 28 69 62, eller send mail til toregil@oseing.no. Førespurnader med søknad og CV prioriterast.

Søknadsfrist 30.09.2019