OSE veks i 2018

Til no i 2018 har OSE styrka staben med to nye medarbeidarar; Pia Nic Petersen og Marius Lianes. Det har lenge vore eit ynskje å styrke OSE si planavdeling, og i februar tilsette OSE Pia.

Pia er utdanna landskapsarkitekt frå UMNB på Ås med retning overordna planlegging, og var ferdig uteksaminert i 2013. Ho kjem opphavleg frå Sortland i Vesterålen, men har busett seg i Ålesund og trivst svært godt blant sunnmøringar. Saman med seksjonsleiar for plan, Bjarte Friisvold, har Pia kontorplass på Daaekvartalet på Moa.

Sivilingeniør Marius S. Lianes er siste tilskot i OSE, og er å finne på hovudkontoret i Ørsta frå midten av mars. Marius var ferdig med sin master i konstruksjonsteknikk frå NTNU i Trondheim i 2011, og har sidan jobba som rådgivar i Bergen og som prosjektleiar på Svalbard.

OSE gler seg over dei nye tilsette, og håpar dei finn seg godt til rette.