OSE vert gullsponsor for VTI Fotball

Foto: Solveig Storeide og Runar Aahjem Løvold i VTI Fotball, Sunniva Lund Osdal og Jonas Reitan i OSE

Volda Turn- og Idrettslag gjer eit framifrå arbeid med aktivitet og idrettsglede for alle aldrar. Det støttar OSE opp om og vil gjerne takke for all den frivillige innsatsen som blir lagt ned for trivsel og framtid i bygdene våre.

I OSE er vi lokale eigarar og tilsette som ønskjer å syne at ved å nytte vår kompetanse, kjem både verdiskaping, løn og skatt tilbake og gir vidare utvikling i lokalsamfunnet.

OSE AS er rådgivarar med spisskompetanse på plan, byggesøknader, byggteknikk, taksering og styring av prosjekt. Med 21 høgt kvalifiserte tilsette tek vi store og små prosjekt, for både privatfolk og store næringsaktørar. Har du ein byggedraum, reguleringsidé eller treng ein takst?  OSE hjelper deg i prosjektet ditt!