Plan, Infrastruktur og Landskap

Planlegging er å utarbeide planar med tanke på gjennomføring og handlar om både prosess og kva man vil oppnå. Planlegging blir gjerne delt i to område; samfunnsplanlegging og arealplanlegging. Samfunnsplanlegging brukast ofte om heilskapleg sektorovergripane planlegging av samfunnsutviklinga. Arealplanlegging er kontroll med og styring av arealbruken, med blant anna lokalisering av funksjonar, utnytting av areal og rammer for utbygging.  

Planlegging gjeld også formgjeving av det fysiske utemiljøet og  teknisk infrastruktur i vid forstand.

I undermenyene kan du lese meir om dei ulike tenestene innanfor dette fagområdet.