Landskapsarkitektur

Landskapsarkitektur handlar om planlegging og formgjeving av det fysiske utemiljøet.

Frå registrering, analyse og verdsetjing av dagens landskap, by- og stadsutviklingsprosjekt til detaljprosjektering av uteareal i til dømes bustad- og hytteområde, skulegardar og barnehagar med meir; faget famnar breitt. Funksjonalitet, tilgjengelegheit, berekraft, miljø, estetikk og forvalting er viktige stikkord når ein skal planlegge og prosjektere utemiljø.

Ved å tenkje både på samanhengar, langsiktigheit og forutsigbarheit i alt vi føretek oss som planleggarar, har vi moglegheit til å bidra til berekraftig forvalting og utnytting av våre omgjevnader. På same tid skal ein heller ikkje gløyme kva rolle landskapet kan ha for enkeltmennesket si tilhøyring og identitetskjensle, og heller ikkje betydninga av kvardagslandskapet der folk ferdast, jobbar og bur.

Difor har vi i OSE fokus på å gjere eit godt grunnarbeid ved planlegging og formgjeving av areala rundt oss. I OSE kombinerar vår landskapsarkitekt sin kunnskap innan design, planlegging, forvalting og naturkunnskap med utnytting av potensialet som ligg i uteareala, og ser samtidig etter kva slags konsekvensar eit tiltak kan ha for mennesket og miljøet. Landskapsarkitekten vår er del av vårt tverrfaglege team, men tek òg på seg enkeltprosjekt. Arbeidsverktøy er Autocad, Focus Arealplan og Civil 3D.