Overordna plan

Overordna planar er strategiske planar som skal avklare utfordringar knytt til samfunnsutviklinga. Kommuneplanen sin samfunnsdel er eit verktøy for kommunen si heilskaplege planlegging. Saman med økonomiplanen og arealdelen utgjer desse dei viktigaste strategiske dokumenta i ein kommune. I tillegg vil det vere behov for område- og temaplanar innanfor ulike område, til dømes kommunedelplanar.

Modifisert figur frå rettleiar til kommuneplansprosessen – samfunnsdel – handlingsdel.

 

OSE har kompetanse og erfaring med overordna planar frå rådmannsnivå til overordna arealplanar etter plan- og bygningslova. Vi kan tilby eit breitt spekter av samarbeid – frå leiing av enkelt møter til å gjennomføre heile planprosessar.

Seksjonen har god erfaring med å samarbeide tett med oppdragsgjevar, andre leverandørar og interessentar, og brei erfaring innan prosjekt- og prosessleiing.

OSE legg opp til og føreset gode rutinar for framdriftsstyring, varsling og rapportering, men samstundes fleksibel og romsleg framferd, då vi meiner det er naudsynt for eit godt resultat.

Medverknad i planprosessar er viktig og må bli teke på alvor. OSE ønskjer best moglege medverknadsprosessar så flest mogleg får eigarskap til vedtekne planar, for at planane blir brukt/realisert.

OSE fokuserer på å skape verdiar for kundane våre og bidra til positiv samfunnsutvikling. Dette gjer vi med personleg engasjement, kunnskap, kreativitet og fagkompetanse for å oppnå dei beste løysingane i kvart prosjekt.