Reguleringsplan

God arealplanlegging er ein føresetnad for å sikre berekraftig samfunnsutvikling, der balanse mellom utnytting, vern og forvalting av ressursgrunnlaget skal sikrast.

Plan- og bygningslova er det fremste styringsverktøyet for planleggaren, og lovverket stiller krav til at den som utarbeidar detaljplanar skal vere fagkunnig. Mange omsyn skal takast i vare frå tidleg prosjektfase til ferdig plan, og rolla til arealplanleggaren er å arbeide fram miljømessig, arkitektonisk, funksjonelt, juridisk og økonomisk gode løysingar.

Arealplanleggarene våre utarbeidar arealplanar for både kommunar og private aktørar. Eit viktig fokusområde for oss er å sikre ein korrekt planprosess og god medverknad. Typiske arbeidsoppgåver er utarbeiding av reguleringsplanar, forprosjekt, moglegheitsstudie, skisser, landskapsanalyse, konsekvensutgreiing, mindre reguleringsendringar og dispensasjonar, for å nemne noko. I vårt arbeid jobbar vi i Focus Arealplan/AutoCad, Gisline Arealplan, Gemini og Civil 3D.

Utarbeiding av reguleringsplanar vil ta tid på grunn av lovbestemte prosessar, som politisk handsaming og høyringar.

Skjematisk fremstilling av planprosess. (Regjeringens utkast disposisjon for ny veileder om reguleringsplan)