Overordna planlegging

Overordna planar er strategiske planar som skal avklare utfordringar knytt til samfunnsutviklinga. Kommuneplanen sin samfunnsdel er eit verktøy for kommunen si heilskaplege planlegging. Saman med økonomiplanen og arealdelen utgjer denne dei viktigaste strategiske dokumenta i ein kommune. I tillegg vil det vere behov for område- og temaplanar innanfor ulike område, til dømes kommunedelplanar.

Modifisert figur frå rettleiar til kommuneplansprosessen – samfunnsdel – handlingsdel

OSE har kompetanse og erfaring med overordna planarbeid både på kommunedirektørnivå og på rådgivarnivå. Vi kan tilby eit breitt spekter av tenester frå leiing av enkeltmøte til gjennomføring av heile planprosessen.

Seksjonen har god erfaring med å samarbeide tett med oppdragsgivar, andre leverandørar og interessentar. Vi har brei erfaring innan prosjekt- og prosessleiing.

OSE legg opp til og føreset gode rutinar for framdriftsstyring, varsling og rapportering, men samstundes fleksibel og romsleg framferd, då vi meiner det er naudsynt for eit godt resultat.