Arealanalyse

Ein stor del av informasjonsgrunnlaget i ulike avgjersler er geografisk informasjon – stadfesta informasjon som kart og 3D til dømes. Bruk av geografisk data og geografisk analyse gir ei analytisk tilnærming med eit avgjerslegrunnlag som er råd å etterprøve.

Tema for arealanalyse kan vere: naturfare, nedbygging av dyrka mark, omsynssoner i arealplanar, konfliktområde, behov for faglege utgreiingar for å kunne nytte areal, 3D visualisering m.m.