Konsekvensutgreiing

Krav om KU er heimla i Plan- og bygningslova, med reglar for kva planar som blir omfatta av regelverket i KU-forskrifta. Føremålet med ei konsekvensutgreiing (KU) er å sikre at det er teke omsyn til miljø og samfunn ved førebuing av planar og tiltak, om det kan gjennomførast og kva vilkåra for dette er.

Forenkla vil alle overordna planar som legg opp til ny arealbruk, ha krav om konsekvensutgreiing. For reguleringsplanar vil det vere krav om KU for tiltak etter vedlegg I i forskrifta. I tillegg skal ein reguleringsplan KU-utgreiast dersom den får vesentleg verknad for miljø og samfunn for tiltak etter vedlegg II. For alle reguleringsplanar skal plankonsulent vurdere om planen utløyser krav om KU. Kommunen er ansvarleg mynde for KU-forskrifta.

Krav om konsekvensutgreiing?

Dersom det er krav om KU, skal det utarbeidast planprogram med framlegg til utgreiingsprogram, som skal innehalde omtale av:

  • Planen og problemstillingane som er viktig for miljø og samfunn
  • Utgreiingsbehov, metodar for å skaffe nødvendig kunnskap
  • Relevante og realistiske alternativ, vurdering av desse i KU
  • Planprosessen, med fristar, deltakarar og plan for medverknad for særleg råka grupper.

Framlegg til planprogram skal sendast på høyring i 6 veker.

Forskrifta set krav om at KU skal identifisere og omtale faktorar som kan bli påverka gjennom planen. Ein skal vurdere vesentlege verknader for miljø og samfunn, døme (ikkje uttømmande):

  • Naturmangfaldlova
  • Kulturminne og kulturmiljø
  • Friluftsliv
  • Landskap
  • Forureining
  • Vassmiljø
  • Transport
  • Verknad av klimaendringar.

Konsekvensutgreiinga skal følgje plandokumenta, enten som del av planomtalen, eller som eige dokument.