Medverknad og prosessleiing

Krav til medverknad i planprosessar er forankra i Plan- og bygningslova. Vår erfaring er at medverknadsmøte tidleg i ein planprosessen er viktig og må bli teke på alvor. Dei gir eit betre utgangspunkt for planarbeidet, då dei bidreg til å få fram problemstillingar som må adresserast i planen. I tillegg kan dei skape ro fordi ein kan få avklart spørsmål og synspunkt som kan skape støy i arbeidet.

OSE ønskjer best moglege medverknadsprosessar. Det legg grunnlaget for at flest mogleg får eigarskap til vedtekne planar og at planane blir brukt/realisert. Dette vil vere viktig både for samfunnsdelen, kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplanar som skal gjelde for delar av kommunen, og temaplanar.

Vi legg vekt på å planlegge medverknadsmøte saman med oppdragsgivar. Prosessleiaren si oppgåve er å skape rom for dialog og bidra til at deltakarane i medverknadsmøte er aktive i møtet.