Sjøplan

Sjøplan er plan for forvaltning av sjøområde. Omfanget av sjøplan kan vere ein del av kommunen, heile kommunen eller felles plan for fleire kommunar. I samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel ser ein vanlegvis på heile kommunen, både land og sjøareal.

Sjøplanar vil vere mest aktuelle ved planlegging utover kommunen sine grenser, når det er behov for å sjå arealbruken i større samanheng, for mellom anna akvakultur, fiske- og gyteområde, friluftsliv og verneområde. Behovet for felles planlegging i sjø er generelt større enn på land, og samordna planlegging er difor nødvending.