Reguleringsplan

God arealplanlegging er ein føresetnad for å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, bygd på krav om at balansen mellom utnytting, vern og forvalting av ressursgrunnlaget skal sikrast.

Plan- og bygningslova er det fremste styringsverktøyet for planleggaren. Lovverket stiller krav til at den som utarbeider detaljplanar skal vere fagkunnig og det er mange omsyn å ta frå tidleg prosjektfase til ferdig plan. Arealplanleggaren si rolle er å arbeide fram miljømessig, arkitektonisk, funksjonelt, juridisk og økonomisk gode løysingar.

Plankonsulentane våre utarbeider arealplanar både for kommunar og private aktørar. OSE fokuserer på å sikre ein korrekt og effektiv planprosess og god medverknad. Vi nyttar Focus Arealplan/AutoCad, Gisline Arealplan, Gemini og Civil 3D i arbeidet vårt.

Det er tidkrevjande å utarbeide reguleringsplanar grunna lovbestemte prosessar, som politisk handsaming, høyringar og nødvendige utgreiingar.

Skjematisk framstilling av planprosess

Alle reguleringsplanar skal vurderast etter forskrift om konsekvensutredninger. Blir det krav om konsekvensutgreiing, må vi utarbeide planprogram og konsekvensutgreiing i tillegg til ordinære plandokument.

Reguleringsplanar skal følgje opp føringar lagt i kommuneplanen. For store tiltak er det i lova stilt krav om utarbeiding av reguleringsplan og i tillegg kan det fastsettast krav om utarbeiding av reguleringsplan i kommuneplanen sin arealdel.

Det er to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering.