Detaljregulering

Detaljregulering er plan for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg, for gjennomføring av utbyggingsprosjekt og tiltak, vernetiltak og sikring av ulike typar verdiar. Plantypen blir nytta for å følgje opp og konkretisere overordna arealbruk i kommuneplanen sin arealdel eller i ei områderegulering.

Alle kan fremje forslag til detaljregulering, som også gjeld endringar og framlegg til å fylle ut og detaljere gjeldande regulering. Med alle meiner vi private og offentlege tiltakshavarar; enkeltpersonar, føretak, organisasjonar, ulike mynde og kommunen.

Framlegg til detaljregulering skal følgje hovudtrekk og rammer i godkjent arealdel til kommuneplanen eller områderegulering.