Områderegulering

Områderegulering er primært ei planform som blir utarbeidd av kommunen etter krav i kommuneplanen sin arealdel. Planforma kan også nyttast for område der kommunen vil sikre verneomsyn eller legge til rette og setje rammer for vidare planlegging, utvikling og bygging.

Det er ei kommunal oppgåve å utarbeide områderegulering, men kommune kan overlate til andre mynde og/eller private å utarbeide framlegg til områderegulering.

Kommunen skal vedta oppstart av og rammer for planarbeidet på ordinær måte.