Situasjonsplan

Situasjonsplan skal utarbeidast av tiltakshavar/søkar og skal syne heile tiltaket nøyaktig innteikna, med utvendige mål og avstandar, med krav knytt til arealplanar, infrastruktur og relevante reglar gitt i lov og forskrift. Følgjande opplysningar må vere med (ikkje uttømmande):

  • Nabogrenser
  • Nærliggande bygg
  • Senterline veg
  • Tilkomst til eigedomen
  • Frisiktliner avkøyrsler offentleg veg
  • Høgspentliner
  • Tilknytingspunkt offentleg leidningsnett
  • Arealbruk for parkering og opphaldsareal ute
  • Takflate
  • Fasadeliv
  • Møneretning