Planleggar / Arkitekt

OSE ønskjer å styrke laget med ein planleggar / arkitekt. Som kollega er du med å komplettere og vidareutvikle planseksjonen i eit tverrfagleg miljø.

Vi ser etter deg som har master innan arealplanlegging/ arkitektur/ landskapsarkitektur. Du bør ha minimum 5 års erfaring frå arealplanlegging/prosjektering, men allsidig planerfaring kan kompensere for formell utdanning. Du er fagleg sterk, samfunnsengasjert, kvalitetsbevisst, sjølvstendig og initiativrik. Gode norskkunnskapar og god kjennskap til norsk plansystem er ein føresetnad.

OSE tilbyr spennande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter innan:

  • Reguleringsplanar / områdeplanar / kommuneplanar
  • Analyser og utgreiingar
  • Idéutvikling / moglegheitsstudiar
  • Konseptutvikling / tidlegfase
  • Prosjektleiing

OSE tilbyr konkurransedyktige vilkår. Arbeidsstad er på Moa i Ålesund eller i Ørsta. Søknadsfrist: snarast

For meir informasjon om stillinga, kontakt arealplanleggar Bjarte F. Friisvold, e-post bjarte@oseing.no tlf. 974 89 987. Ring gjerne for ein prat.

Send søknad med CV til firmapost@oseing.no

Arealplanleggar Bjarte F. Friisvold