Foto: Karen Mathea Ulvund Solstad
– Eg ser fram til ein spennande og lærerik praksis i OSE og er glad for å få eit innblikk i korleis det er å arbeide som arealplanleggar. Det blir viktig for meg å forstå planprosessane, korleis ulike aktørar samhandlar med kvarandre og korleis arealplanlegging blir handsama politisk og av kommuneadministrasjonen. Eg håpar på nokre utfordringar og ulike planprosjekt.
Sunniva Sørheim er frå Volda og student på femte året i ein integrert master i By- og regionplanlegging ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås. Til hausten skal ho skrive masteroppgåva si og er i perioden februar-april praktikant i seksjon Plan og arkitektur i OSE AS. Seksjonsleiar og arealplanleggar Bjarte F. Friisvold er mentoren hennar gjennom praksisperioden.
– Vi set stor pris på å ha med oss masterstudent Sunniva. Eg skal gjere mitt beste for å rettleie henne gjennom planprosessane og ho vil få prøve seg på mykje variert arbeid innan planleggingsfaget. Det vil mellom anna vere planarbeid innanfor bustadområde, fritidsbustad, næringsutvikling, vegprosjektering og arbeid med dispensasjonar og utsleppssøknadar, seier Friisvold.
Les meir om Plan og arkitektur
Foto: Masterstudent Sunniva Sørheim er i gang med praksisen i OSE. Her saman med seksjonsleiar for Plan og arkitektur, Bjarte F. Friisvold.
OSE er eit tverrfagleg miljø med planleggarar, rådgivande ingeniørar og takstmenn. Vår visjon er å gi råd som realiserer visjonar. Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Innan våre satsingsområde ligg vi i front med kunnskap og rådgiving som einaste salsvare. Vi tek på oss oppdrag for både private, offentlege og næringsaktørar og du finn oss på våre kontor i Ørsta og Ålesund.