Reguleringsplan – kva, når og kvifor?

Planlegg du bygging eller utforming av dine omgjevnadar? Då bør du ha kjennskap til  reguleringsplanen for området. Ei slik plan er den mest detaljerte av dei norske plantypane etter plan- og bygningsloven (PBL).

Ein reguleringsplan (PBL § 12-1) er ein detaljplan med tilhøyrande kart og planbeskriving. Reguleringsplanen gir føringar for kva som kan gjerast på ein eigendom. Den gir informasjon om kva formål eigendommen har, for eksempel bolig, veg eller friområde, og kor høgt eller stort du kan byggje.

Eksempel på eit plankart som viser arealdisponering gjennom ulike formål, innenfor et avgrenset område.

Reguleringsplanen inneheld føresegner som regulerar utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, busetnad og det ytre miljø innanfor eit avgrensa område i ein kommune. Rammer for reguleringsformål og reguleringsføresegner er gitt i PBL § 12-5 og § 12-6.

Plan- og bygningslova fastset at det skal utarbeidast reguleringsplan for område der det skal gjennomførast større byggje- og anleggsarbeidar. PBL krev at reguleringsplanar skal utarbeidast av fagkyndige og at planen gis ein eintydig og forståeleg form.

Kommunen kan stille krav om konsekvensutgreiing (KU) dersom eit tiltak kan ha vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn. Dersom ein plan gjeld utbygging skal det vere med ein risiko- og sårbarheitanalyse (ROS).

Reguleringsplanar vedtakast normalt av kommunestyret, og ein vedteken reguleringsplan er straks rettsleg bindande for alle tiltak innanfor planområdet. Reguleringsplanen gir adgang til å setje i verk ekspropriasjon og den gir rettar til å utnytte areala slik reguleringsplanen angir.

Meininga med reguleringsplanar er å fastlegge arealbruk og utforming på ein samfunnsmessig god måte. Planutarbeiding og- vedtak skal skje gjennom ein open prosess med høve til medverking.

For å oppnå rask saksbehandling er det viktig at planforslaget er gjennomarbeidd og korrekt utforma.

Treng du bistand til planarbeid eller har andre spørsmål til planlegging og utforming av dine omgjevnadar?

Vi kan bistå med å utvikle gode planer raskt og effektivt for deg i henhold til korrekt planprosess.       Ta kontakt med ein av våre planleggarar her!