Skredsikring Vallabøen, Ørsta

Skredtiltaket på Vallabøen er eit landemerke i Ørsta, og det ferdige anlegget blei overlevert førre veke.

Tiltaket skal sikre bustadfeltet øvst på Vallabøen mot snø- og sørpeskred. OSE har vore med prosjektet heile vegen som ansvarleg søkar og prosjekterande, og i den anledning var ein god gjeng frå OSE på synfaring i forkant av overleveringa. Utruleg kjekt å sjå anlegget ferdig!