Skredsikring Vallabøen, Ørsta

OSE jobbar no med å sikre bustadfeltet øvst i Vallabøen mot snø- og sørpeskred. Byggherre er Ørsta kommune med bidrag frå NVE. Aurstad, som har totalentreprisen på oppdraget, har henta inn OSE som ansvarleg søkjar og prosjekterande. OSE samarbeider med NGI, som har spesialkompetanse på skred. Arbeidet starta i april 2018 med forventa ferdigstilling i oktober 2018.