Takk for eit innhaldsrikt år!

Koronaen blei årets ord og det har prega mykje for mange. Ordet vann «kappløpet» og slo i første runde vaksina med ein månad eller to. Dei fleste vil hugse koronatida på same måte som etterverknadane av jappetida – begge ei krise, men den eine verre enn den andre. Andre ord som har prega året, men då nærast som ein tenar til årets vinnar, er å halde ein god meter, handsprit, smittetal og munnbind. Eller kanskje vi skal flate ut kurva til jul?

Vi kan på mange måtar sakne 2019. Det gjekk betre, raskare, OSE kom på plass i nye store lokale i Vikeøyrane 7 og alt dette la grunnlaget for ein fantastisk inngang til 2020.

Mange har hatt det mykje verre enn OSE dette året. Vi er takknemlege for kor godt vi har klart oss og håpar det skal gå bra for dei som har hatt større utfordringar. Ein av ti bedrifter tenkjer på konkurs som einaste utveg, eller er nervøse for å miste arbeidsstaden sin.

På ei anna side er dette høve til å tenkje nytt, året for omstilling og nytenking. Eit år som for oss alle handlar om å stå imot, kome seg igjennom og ta med seg lærdomen av inn i eit berekraftig 2021 med håp, innsats, glede og stå-på-vilje.

Vi i OSE ønskjer å takke alle kundar og samarbeidspartnarar for mange spennande prosjekt i år og vi er klare for fleire i 2021 – velkomen!

God jul og godt nytt år!

Tor Egil Meland
Dagleg leiar