Takst

Kompetanse, erfaring og habilitet er viktige eigenskapar for takstmenn. Formell fagutdanning, etterutdanning og sertifisering gir høg grad av kompetanse. Våre takstmenn har sivilingeniør-, ingeniør-, sivilagronom-, jordskiftekandidat-, teknikar- og byggmeisterutdanning, og er sertifisert av Norsk takst. Vi gir deg ei trygg vurdering av verdiane dine innan fast eigedom.

Taksering av fast eigedom handlar om verdsetting av mellom anna tomter, bygningar og opparbeidde anlegg i samband med kjøp og sal, finansiering, tilstands- og skadevurdering. Vi utfører alle typar verdivurderingar og taksering innanfor bustad, næring og landbruk:

I tillegg til vår kompetanse, samarbeider vi nært med våre kollegaer med kompetanse og erfaring på arealplanlegging, byggesak, prosjektering, byggteknikk og prosjektstyring

Landbrukstakst

Taksering av eigedomar med jord-, skog-, utmarksareal, jakt- og fallrettar, inneber å sette verdi på eigedomen i samband med til dømes eigarskifte, generasjonsskifte, sal, kjøp, finansiering, skifte, odelsskjønn og ekspropriasjon.

OSE har sertifiserte landbrukstakstmenn med agronom-, sivilingeniør-, sivilagronom-, jordskifte-, ingeniør-, agronom-, jord -og skogutdanning og praksis.

Takseringstenester blir fakturert til aktuell timepris etter medgått tid eller fastpris for spesielle oppdrag. OSE er anbefalt av Meglerportalen.no